Vedtekter for SOBAS

Vedtektene til studentorganisasjonen BAS, SOBAS, blei vedtekne 31. oktober 2008.
<!-- @page { margin: 2cm } P { margin-bottom: 0.21cm } A:link { so-language: zxx } -->
Vedtekter for SOBAS
Vedteke 31.oktober 2008
§1. Namn
Namnet til organisasjonen er SOBAS, Studentorganisasjonen ved Bergen Arkitektskole. Frå nå av blir organisasjonen nemnt som SOBAS. Bergen Arkitektskole blir nemnt som BAS.
§2. Føremål og tilknytting
§2-1 Føremål
SOBAS er eit partipolitisk og religiøst uavhengig organ for alle studentane ved BAS. SOBAS skal fremja studentane sine interesser på faglege, økonomiske og administrative område. SOBAS skal legga til rette for kulturelle og sosiale tiltak ved skulen. SOBAS skal jobba for å fremja studentane ved BAS sine synspunkt ovanfor administrasjonen, BAS-styret, klagenemnda og LMU, samt lokale råd, utval og andre studentorganisasjonar.
§2-2 Tilknytting
SOBAS vil bli knytta til ein nasjonal studentorganisasjon utanom BAS. Kva studentorganisasjon dette er blir avgjort i løpet av hausten 2008.
§3. Tillitsvalde, samansetnad og konstituering
§3-1 Tillitsvalde
SOBAS er samansett av tillitsvalde frå klassar og 2.avdelingskurs ved BAS. Dei tillitsvalde er klassane og kursa sine representantar i SOBAS. Dei skal bringa sakar frå klassen til SOBAS og underretta klassen om SOBAS sitt arbeid.
Dei tillitsvalde har felles ansvar for drifta av SOBAS.
Klassane er sjølv ansvarlege for å velja sine representantar og vararepresentantar. Valet skal skje innan 15.september kvart år, utanom for 1.klasse. 1.klasse skal velja representantar innan fyrste veka etter at dei har vore på Utsira. Valperioden for representantane er på eitt år.
Dei tillitsvalde er ansvarlege for at det blir halde møter i klassane og 2.avdelingskursa jamnleg.
§3-2 Samansetnad
Frå 1.-3. klasse har kvart trinn éin klasserepresentant og éin vararepresentant, begge er møtepliktige i SOBAS. På 2.avdelingskurs skal ein ha minst éin representant frå kvart kurs. Alle som er møtepliktige i SOBAS har i utgangspunktet stemmerett. Leiar for SOBAS kan vera eksternt av klasse- og kurs-representantane, men har likevel stemmerett. Utanom leiar skal SOBAS òg ha nestleiar, ein kasserar og ein sekretær.
Studentrepresentanten i LMU, klagenemda, og den nasjonale studentorganisasjonen sin representant har månadleg møteplikt i SOBAS og kan få stemmerett viss høveleg.
§3-3 Konstituering
SOBAS konstituerer seg sjølv, men kan, dersom det er teneleg, legga til rette for val av verv i SOBAS på allmøtet.
§4. Møter
§4-1 Innkalling
Leiar har ansvar for å laga møteinnkalling med saksliste og senda ut denne minst tre virkedagar før møtet. Innkallinga skal sendast ut til representantar og vararepresentantar, LMU-representant, klagenemndrepresentant, nasjonal studentorganisasjonsrepresentant, dataansvarleg, administrasjonen og rektor. Det er òg ønskeleg at møteinnkallinga blir hengt opp på ein skikka stad slik at alle studentane kan følga med på SOBAS sitt arbeid.
§4-2 Tidspunkt
Det fyrste møtet i haustsemesteret skal haldast så snart 1.klasse har kome tilbake frå Utsira og har fått valt representantar, det skal skje før 7.oktober.
Det skal haldast minst eitt møte kvar månad, helst eitt møte annakvar veke for å gje kontinuitet og for at arbeidsmengda på kvart møte skal reduserast.
§4-3 Møteplikt
SOBAS sine medlemmar skal møta på alle møter, minst ein representant frå kvar klasse og kvart 2.avdelingskurs. Studentrepresentanten i LMU, klagenemnda, den nasjonale studentorganisasjonen og dataansvarleg har møteplikt på eit møte i månaden. For å få attest på verv må ein ha møtt på minst 70% av møtene i SOBAS.
§4-4 Vedtak
SOBAS kan fatta vedtak dersom møtet er innkalla etter vedtektene og minst èin representant frå eit 2.avdelingskurs samt to representantar frå to ulike klassar er til stades.
§4-5 Avstemming
Avstemmingar skal som hovudregel skje med handsopprekking, men skal gjerast skriftleg dersom eit eller fleire av medlemma i SOBAS vil det.
Saker avgjerast med vanleg fleirtal. Når det blir stemt likt er leiaren si stemme avgjerande. Ved val er ikkje leiaren si stemme avgjerande, dersom det blir stemt likt ved val skal det avgjerast ved loddtrekning.
§4-6 Taushetsplikt
SOBAS sine medlemmar har taushetsplikt i saker som inneheld personlege opplysingar.
§4-7 Møtereferat
Sekretær skal skriva møtereferat frå alle møter i SOBAS. Referatet skal innehelda tid og stad, kven som møtte og kven som ikkje møtte, saksliste og avgjerdsler og vedtak. Referatet skal sendast til alle dei som fekk innkallinga og hengast opp på ein skikka stad på skulen.
§5. Allmøtet
§5-1 Tidspunkt for allmøtet
Allmøtet er SOBAS sin øverste mynde, og skal haldast kvart år innan 31.oktober. Datoen for møtet skal settast innan 15.juni same år, slik at skulen kan samordna alle klassar og kurs til møtet.
§5-2 Saker
Allmøtet skal handsama desse sakene:
-
Årsrapport for SOBAS sitt arbeid siste skuleår
-
Rekneskap for SOBAS siste skuleår
-
Endringar i vedtektene for SOBAS
-
Val av studentdelegatar til ulike verv
-
Innkomne saker
§5-3 Innkalling
Alle studentane ved Bergen Arkitekt Skole som har betalt semesteravgift blir kalla inn og har stemmerett på Allmøtet.
Innkalling med saksliste skal sendast ut til alle seinast to veker før møtet.
§5-4 Ekstraordinært allmøte
Ekstraordinært allmøte haldast dersom styret avgjer at det må gjerast, eller viss meir enn 1/3 av studentane på BAS går inn for det. Prosedyrane for innkalling til eit ekstraordinært allmøte er dei same som for eit vanleg allmøte.
§6 Ansvarsinstruks
§6-1 Leiar
Leiar har ansvaret for SOBAS sin daglege drift, innkalling til møter og ansvarsfordeling innad i SOBAS. Leiar er SOBAS sitt ansikt utad og har ansvar for å leie møtene i SOBAS, samt allmøtet. Leiar har ansvaret for å halda seg oppdatert i saker som omhandlar studentane ved BAS.
§6-2 Nestleiar
Nestleiar trer inn dersom leiar ikkje kan møta i SOBAS, eller viss leiar blir sjukmeld/tek permisjon.
§6-3 Sekretær
Sekretæren har ansvar for å halda oversikt over dokument som gjeld for SOBAS, og for å arkivera alle møteinnkallingar, møtereferat og vedtak som blir fatta. Sekretæren har òg ansvar for posten som blir sendt til og frå SOBAS.
§6-4 Kasserar
Kasserar har ansvar for å halda oversikt over SOBAS sin økonomi og har ansvaret for å ha oversikten over eventuelle bankkontoar som SOBAS disponerar. Kasserar har og hovudansvaret for å søka om midlar til SOBAS, og skal kvart år søka om pengar frå SIB. Kasseraren fører rekneskapet til SOBAS.
§7 Årsmelding, rekneskap og budsjett
§7-1 Årsmelding
Leiar er ansvarleg for å utarbeide ei årsmelding til allmøtet som blir halde ved starten av kvart nye studieår. Årsmeldinga blir laga i samarbeid med sekretær. Årsmeldinga skal ta føre seg SOBAS sitt arbeid i det skuleåret som gjekk.
§7-2 Rekneskap
SOBAS står sjølv ansvarleg for eigen økonomi under leiing av kasserar. Kasserar står ansvarleg for å presentera eit enkelt rekneskap for studieåret som gjekk for allmøtet. Ved slutten av studieåret skal SOBAS sine kontoar kontrollerast for å sjå om dei stemmer med rekneskapet.
§7-3 Budsjett
SOBAS skal utarbeida eit budsjett for kvart studieår. Dette arbeidet skal leiast av kasserar og skjer i starten av kvart studieår.
§8 Vedtektsendring
Forslag til vedtektsendring kan framleggast av alle studentar ved BAS. SOBAS skal behandla alle forslaga til endringar, og deretter senda desse ut på høyring til klassar og 2.avdelingskurs. Vedtektsendringar blir stemt på og vedteke av allmøtet ved 2/3 fleirtal.
§9 Ikraftsetting
Desse vedtektene trer i kraft og har bindande verknad etter allmøtet 29.oktober 2008 og opphevar alle tidlegare vedtekter.